Mislukka kar og gode hender
ANDAKT: Det kjendest håpefullt at Gud ville noko med meg, at han kunne forme meg og bruke meg. Men det var ikkje utan vidare enkelt å finne ut av kva det var han ville.

Teksten i dag tar meg med tilbake til seine tenår på kristen internatskule ved ein vestlandsfjord. Leira i pottemakarens hand var eit berande bilete for meg i desse formative åra. No har eg ikkje tenkt på det på veldig lenge. Og eg lurer på kvifor.
Eg bryggar meg kaffi og bestemmer meg for å bli litt der ved fjorden. Eg ser for meg plakatar og kort med Bibelvers. Eg ser for meg bilete av pottemakarhender som veit kva dei gjer, og leire som føyer seg mjukt under kjærlege og kyndige rørsler frå desse hendene. Eg tenkjer på miljøet eg var tenåring i. Eg tenkjer på tida eg var tenåring i.
Alt som har skjedd og ikkje skjedd, alt som har vorte og ikkje vorte, det eg har lukkast med og det eg ikkje har lukkast med, har forma meg
På internatskulen var det mykje snakk om synd og nåde. Det var også mykje snakk om kall og om Guds plan for livet. Det kjendest håpefullt at Gud ville noko med meg, at han kunne forme meg og bruke meg. Men det var ikkje utan vidare enkelt å finne ut av kva det var han ville eller finne mi form.
Ute i verda skjedde det store endringar på denne tida. Gode endringar. Det var nesten så Dagsrevyen fekk det til å boble i kroppen av håp og forventning: Den kalde krigen var over. Murar fall. Folk sang seg til fridom og demokrati. Verda utvikla seg i rett retning. Og eg tok det for gitt at det skulle vare.
Så har åra gått. Livet har knadd meg. Alt som har skjedd og ikkje skjedd, alt som har vorte og ikkje vorte, det eg har lukkast med og det eg ikkje har lukkast med, har forma meg. Men kvar Gud sine gode pottemakarhender har vore i alt dette, det har eg ikkje noko godt svar på. Og kvar dei er i det store biletet, er det endå vanskelegare å seie noko om.
Det er lenge sidan Dagsrevyen fekk det til å boble i kroppen. Kvar er Gud sine formande og omformande hender i denne skakke og skeive verda, som meir og meir liknar på eit mislukka kar? Kvar er Gud i livet? Kvar er Gud i verda? Er Gud ei levande og verksam kraft? Har Gud hender som er i stand til å lage og lage om?
Eg trur på nåden. Eg trur at nye begynnelsar finst. Men eg kan kjenne meg usikker på kva det betyr. Sånn heilt konkret.