Den mangfaldige kroppen
ANDAKT: Mangfald er ikkje noko vi kan velje eller velje bort.

Er det sant at like barn leiker best? Eller leiker dei berre veldig kjedeleg? Er det slik at motsetningar tiltrekker kvarandre? Eller er forskjelligheit først og fremst ein sikker veg til friksjon og frustrasjon?
Gjennom livet får vi mange sjanser til å erfare alle slags variantar og grader av likheit og forskjelligheit. I alle slags fellesskap, i arbeidsliv og frivillig arbeid, i vennskap, familie og parforhold får vi erfare dette. Og vi får også erfare korleis vi sjølv reagerer.
Korleis reagerer eg når eg erfarer at andre er forskjellige frå meg? Blir eg fascinert, glad, usikker, irritert, imponert, misunneleg eller redd? (Fyll gjerne inn det som måtte mangle!)
Det finst noko som kan halde dette mangfaldet saman. Det finst Éin som kan halde det saman.
I dag les vi frå eit brev som Paulus skriv til ei kyrkje der folk slit med å finne ut av det med kvarandre. Kyrkjelyden i Korint er prega av strid og splid. Slik det ofte blir når folk med ulik sosial og kulturell bakgrunn, ulike personlegheiter og preferanser, prøver å leve saman.
Inn i denne situasjonen skriv Paulus. Og han gir kyrkjelyden i Korint eit bilete på det kristne fellesskapet som vi også kan forstå og ta til oss. For Paulus kjem dragande med kroppen, av alle ting. Kroppen, som vi jo aldri kjem unna. Denne fantastiske, fascinerande, men også besværlige kroppen. Uansett: Kroppen er i alle fall levande. Og kroppen er eit så storslått og finstilt mangfald, at her er det mykje å meditere over i lang tid.
Kva kan vi trekke ut av dette? Kanskje dette: Mangfald er ikkje noko vi kan velje eller velje bort. Mangfald er nødvendig for at eit fellesskap skal vere levande og sunt. Og dette: Det finst noko som kan halde dette mangfaldet saman. Det finst Éin som kan halde det saman.
«For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka. For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange.»