Den førstefødde mellom mange sysken
ANDAKT: Kristus er like nødvendig for alle. Og Kristus er like tilgjengeleg for alle.

Utvald. Smak på det ordet. Kva smakar det av – for deg? Likar du det? Kven handlar det ordet om? Er du med i det? Har du lyst til å vere med i det?
Utvald. For meg går assosiasjonane fort i retning av overspent og usunn religiøsitet. Der mykje av energien går med til å oppretthalde ei sjølvforståing der ein sjølv er av dei utvalde, medan dei fleste andre ikkje er det. Dette er jo mykje av drivkrafta i sektprega religiøsitet.
Vårt Land gir meg stadig sjansen til å sjå og reflektere over fenomen som dette. Det kan kjennast framandt og skremmande – og av og til nesten litt eksotisk. Samtidig: Kven vil vel ikkje kjenne seg utvald? I alle fall litt?
Paulus minner oss stadig på at vi faktisk er utvald, men at dette ikkje inneber at andre blir vald bort
Vi har behov for å vere spesiell for nokon, vere førstevalet for nokon. Underforstått: I konkurranse med nokon andre. Og det er vel ganske allment å bruke andre som «kontrastvæske» for å framheve seg sjølv eller skilje seg ut på ein positiv måte.
Eg likar å leite etter raude trådar. Ein av dei raude trådane i Bibelen kan vi kanskje kalle for «utveljinga som utvidar seg». Frelseshistoria begynner med at Gud vel seg ut eitt folk – eit lite folk. Men med tida veks frelseshistoria seg større. Den første utveljinga var starten – men det stoppar ikkje der. Eg prøver å unngå å bedrive lettvint erstatningsteologi. Det eg prøver på er ein utvidingsteologi – som eg oppfattar er eit viktig tema i Paulus sine brev.
Paulus minner oss stadig på at vi faktisk er utvald, men at dette ikkje inneber at andre blir vald bort. Og: Strengt tatt er det Kristus som er den utvalde. Det er i Han at alle vi andre er utvalde. Sentralt i teologien i Paulus sine brev er nettopp dette: Kristus er like nødvendig for alle. Og Kristus er like tilgjengeleg for alle.
«Han er den førstefødde mellom mange sysken.» Kristus omsluttar og rommar alle: «Alle har dei same Herre, og han er rik nok for alle som kallar på han. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.» (Rom 10,12-13) «Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.» (Kol 3,11)