Tilbake i den tapte tida
Marcel Prousts På sporet av den tapte tid og Karl Ove Knausgårds Min kamp kjem til motsett konklusjon.

KOMMENTAR: I år er det 100 år sidan Marcel Proust gav ut det første bandet av På sporet av den tapte tid. Om ikkje det er eit jubileum på linje med Søren Kierkegaards og Camilla Colletts 200-årsbursdag, er det likevel god grunn til å stoppe opp ved den franske klassikaren som dei færraste har pløgd seg heilt igjennom.
På sporet av den tapte tid er ikkje berre eit referanseverk i den litterære modernismen, slik Proust til dømes braut opp den tradisjonelle kronologiske historiefortellinga. Romanen fall saman med middelklassens fødsel og er på mange måtar blitt ei grunnfortelling også i Ola og Kari Nordmanns liv. Proust skildrar, utleverer og gjer narr av det dekadente livet i det franske aristokratiet på byrjinga av 1900-talet, så alle hjarte i det norske sosialdemokratiet kan fryde seg den dag i dag. Gjennom Prousts roman forstår vi oss som sanne middelklassemenneske.
Imponerande kraft. Men la oss ikkje bli for teoretiske. For når Marcel Prousts roman framleis gjer seg gjeldande som verdslitteratur, også i Noreg, er det fordi forfattaren skriv så godt. Alle som har prøvd seg på det første bandet, Veien til Swann, der kombinasjonen av linde-te og madeleinekake får minnekarusellen til å svive, veit at Proust byr på nokre av dei lekraste skildringane og metaforane som litteraturen har å by på. Ja visst kan han vere tungrodd innimellom, men med ein gong vi senkar lesetempoet står setningane hans fram for oss med imponerande kraft.
Og når vi gir oss i kast med den mest populære delen av verket, som var det første Anna-Lisa Amadou omsette til norsk, er det umogleg å ikkje bli riven med. Swanns kjærlighet, andre del av det første bandet, er noko av det mest engasjerande som er skrive om forelsking og sjalusi i skjønnlitteraturen.
Livspessimisme. På mange måtar, og trass den store gleda vi får ved lesinga, er På sporet av den tapte tid eit livspessimistisk verk. Iallfall på vegne av kjærleiken. Eg-forteljaren Marcel – som minner sterkt om, men ikkje bør sidestillast med, romanforfattaren Marcel – lukkast aldri i den vanskelege kjærleiken, men opphøgjer i staden kunsten som meininga med tilveret. Dette gir særleg stor nyting for kunstelskarar og aspirerande kunstnarar, men slår straks inn over oss med melankoli som tematiserer kunstnarens evige dilemma: For å skape stor kunst, må ein vere villig til å ofre. Men kva er kunsten, om ikkje livet kjem først?
Knausgård og Proust. Her kan vi trekke fram eit aspekt eg reknar med litteraturvitskapen kjem til å gå nærmare inn på i åra som kjem. Eg var vel kanskje den første meldaren som peikte på likskapar mellom Marcel Prousts og Karl Ove Knausgårds litterære prosjekt, der begge jobbar på detaljnivå i ei gigantisk utforsking av samfunn, eige liv og sjelsliv og vegen mot å bli ein stor forfattar. Men der Marcel Proust kapitulerer på kjærleikens vegne og blir ståande att med kunsten, gjer Knausgård det motsette: Han gir seg som forfattar og femner om kona og borna sine. I staden for å be om styrke til fullføring av eige verk, som Proust, peiker Knausgård i staden på konas bok, som «spraker som en stjernehimmel i mørket».
Knausgård tek altså Prousts prosjekt eit steg lenger. Han kjem til motsett konklusjon, etter, som Proust, å ha skrive seg fram til den store kunsten. Indirekte seier Knausgård at kjærleiken er størst! Kor vidt Knausgårds (eventuelt midlertidige) farvel til litteraturen er uttrykk for sann innsikt, kjensler eller koketteri, får vi krangle og stridast vidare om, eventuelt berre følgje med og sjå.
Tidlaus kunst. Knausgård er berre eitt døme på at Proust framleis er høgst tilstadeverande i den norske bokheimen. Forfattarane er stadig meir opptekne av Proust, og stadig nye lesarar plukkar han opp. Den språkleg reviderte utgåva av På sporet av den tapte tid som har lansering denne veka, burde vere godt eigna til å sikre endå fleire lesarar for Proust. Revisjonen er utført av professor i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo, Karin Gundersen, som også er aktuell med boka Kunsten eller livet? om Marcel Prousts forfattarskap.
Ein ting er sikkert når det gjeld Proust: Han lukkast med å skape tidlaus kunst.