Angsten ved Knausgårds tekst

Vil angsten nokon gong sleppe taket i Karl Ove Knausgårds grenselause romanprosjekt Min kamp?

Sett under eitt er Min kamp 1-6 ein litterær kraftprestasjon av dei heilt sjeldne. Han er lysande og klanderverdig, overskridande og nær, utleverande og diskret, reflektert og naiv, hjarterå og vakker, likefram og eksperimentell, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

KOMMENTAR: Det grenselause er noko monstrøst. Kolossalt, men også vanskapt, formlaust. Kan ein snakke om formløyse i Karl Ove Knausgårds seksbindsverk Min kamp? Til ein viss grad. Sjølve tanken med eit verk som består av seks verk er vanskeleg. Korleis skal vi forstå dei, som sjølvstendige romanar, del ein heilskap, eller aller helst som begge deler?

Det har lenge vore klart at Min kamp har vore eit grenselaust prosjekt. Dei menneskelege kostnadane har vore store. Dette skriv Knausgård om i band seks. Han avsluttar sine 3.622 sider med å skrive: «Jeg er så glad for Linda, og jeg er så glad for barna våre. Jeg kommer aldri til å tilgi meg selv for det jeg har utsatt dem for, men det har jeg gjort, det må jeg leve med.» Før han heilt avslutningsvis finn ei slags kvile i at han «ikke lenger er forfatter».

Karl Ove Knausgård har skrive seg fri. Det var jo nettopp dette han ville?

Grensesprengande. Eg har sjølv veksla mellom å hylle Min kamp som stor litteratur og vere kritisk til både dei etiske vurderingane og den litterære kvaliteten i romanprosjektet. Det er framleis vanskeleg, no som verket er sluttført, å seie noko eintydig om det heile. Likevel trur eg Min kamp vil stå for ettertida som eit grensesprengande romanprosjekt som utvida litteraturen som felt.

Hysteriet rundt bøkene, og dei endelause diskusjonane i alle retningar, er eit døme på at skjønnlitteratur kan rive seg laus frå bokpermane og bli performativ, ta sine eigne vegar gjennom det offentlege rom. Slik Min kamp også tek utspring i det verkelege, i Knausgårds eige liv, i hans eigen angst.

Angst og skuld er dei sentrale kreftene i Knausgårds litterære prosjekt. I første band vart det tydeleg for oss at angsten var ein arv frå faren, ein fryktskapande figur som til slutt gjekk til grunne i si eiga elende. Ein kan likevel lure på om ikkje forfattaren undervegs skapte seg eit sjølvsupplerande litterært system: Den angsten han prøver å skrive seg fri frå, er motoren i frigjeringsprosessen. Og nye sider med skrift skaper ny drivkraft av angst og skuld.

Eksistensielt. Dette er sjølvsagt interessant på fleire plan, ikkje berre det private, men også det litterære, psykologiske, filosofiske og religiøse. Gjennom heile verket ligg det trådar av noko eksistensielt, som ikkje berre er uttrykk for eit sannare blikk på mennesket, men som også teiknar opp refleksjonsrom større enn i anna samtidig norsk skjønnlitteratur. Dette viser seg først og fremst i den nådelause skildringa av eige liv og eigne relasjonar, særleg til sin avdøde far og si noverande kone, den nemnde Linda, men også i essayistiske drøftingar av alt frå Esekiel til Adolf Hitler.

Refleksjonsromma i Min kamp 1-6 er ikkje utan brestar, der ein del av tenkinga også ser ut til å vere intuitiv. Knausgård vil jo nettopp bort frå det intellektuelle og inn i det umiddelbare, sjølv om han heile vegen er både dødsens ærleg og kokett. Sjølv (i band seks) karakteriserer han Min kamp for eit mislukka eksperimentelt prosjekt: Han makta ikkje å skrive så sant som han ville, og seie akkurat det han tenkte.

Mens Knausgård fleire stader gyv laus på store eksistensielle tema i essayistiske passasjar – slik han jo også opna første bok, med ein strålande passasje om døden – er det likevel som om refleksjonen rundt prosjektet i seg sjølv er på lågare nivå. Dette blir særleg tydeleg i band seks, som i stor grad handlar om prosessen rundt skrivinga av dei førre banda i prosjektet.

Stivna i angst. Eg må innrømme at eg etter kvart trøytnar litt av å lese om Knausgårds kvalar, og angsten som følgjer av at onkelen er sint på han og trugar med søksmål. Sjølvgranskinga løftar seg nemleg sjeldan til å blir noko meir enn redsle, skam og angst. Det verkar faktisk ikkje som om forfattaren har tenkt igjennom dei etiske sidene på førehand, men stupt uti prosjektet med eit personleg nullpunkt som satsplanke: Han hadde ingenting å tape. Etter kvart går det opp for han at han har alt å tape, men er det då allereie for seint? I dette ligg det sjølvsagt også ei skam som nærer romanprosjektet endå ein runde.

Det Knausgård gjer i band to, gjer han endå større i band seks. Reint sett bort frå at den siste romanen vart på 1.120 sider, ein mastodont som punktum på eit allereie voluminøst verk, går han lenger i alle retningar. Der Knausgård i toaren var 1800-talsmenneske, er han no 1600-talsmenneske. Der han i toaren utleverte kona si og borna sine, gjer han det endå meir omfattande. Ikkje minst gjer skildringa av Lindas angst inntrykk, der ho mellom anna blir lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Ikkje nok med det: Knausgård får ei kjensle av at han sjølv, med skrivinga si, har skuld i kona sin manisk-depressive tilstand. Men han sluttar ikkje der: Også dette skal skildrast i detalj. Prosjektet må i hamn.

Djupt problematisk. Det djupt problematiske ved band to er altså endå sterkare til stades i band seks. Onkelen som var ute og truga med søksmål etter første band, blir fråteken all ære. No er det rått parti: Knausgård har kjempa kampen og vunne. Oppgjeret med nærgåande journalistar kjennest sytete. Knausgård har heilt rett i at mange aviser har vore ubehagelege i dekninga av Min kamp. Men kva hadde han trudd, at skjønnlitteraturen er ei boble der ingenting blir tatt på alvor og berre møtt med lanseringsintervju?

Mellom band fem og band seks, for eit drygt år sidan, kom eg til å spele ein fotballkamp med Knausgård. Det var pinleg: Eg følte at eg visste alt om han, noko som gjorde meg taus. Eg visste heller ikkje om eg risikerte å bli skriven inn i band seks. Den angsten har eg altså kjent på. Kva med alle dei som kryssa spor med forfattaren på livsens ferd? Lever dei godt med plutseleg å ha blitt ein del av hans prosjekt? Ein ting er kva dei har sagt ja til undervegs, slik mange har vist eit utruleg storsinn. Kan dei komme til å angre på det seinare? Og kva med Knausgårds eigne barn? Korleis vil dei lese verket når dei blir gamle nok?

Etisk diskusjon. Eit problematisk prosjekt medfører mange problemstillingar. Etikken i Min kamp kjem til å bli diskutert i tiår framover, og Knausgård melder seg sjølv inn i diskusjonen i band seks. Her kjem han med sine haldningar, tankar og argument. Det interessante er at forfattaren no både får siste ord og at han ikkje får det. Frå Knausgårds side er prosjektet sluttført, han kallar seg ikkje eingong forfattar lenger. Men ansvaret for det han har skrive, har han framleis, det kan han aldri fråskrive seg. Difor kjem han aldri til å tilgi seg sjølv, som han skriv. Han kjem altså alltid til å kjenne på skuld. Har Karl Ove Knausgård bite seg sjølv i halen?

Like fullt har vi å gjere med det som truleg blir ståande som ein merkestein i norsk litteraturhistorie, kanskje til og med i europeisk litteraturhistorie. Det er ikkje til å komme forbi. Sett under eitt er Min kamp 1-6 ein litterær kraftprestasjon av dei heilt sjeldne. Han er lysande og klanderverdig, overskridande og nær, utleverande og diskret, reflektert og naiv, hjarterå og vakker, likefram og eksperimentell. Min kamp handlar om det vanlege, på ein både vanleg og uvanleg måte. Ein generasjon, ein familie, eit menneske i striden. Kampen er neppe slutt med dette.

Powered by Labrador CMS