Når paven inviterer inkvisisjonen
Pave Frans svarar på kritiske spørsmål frå ti unge personar. Er det her vi endeleg får svaret på om paven er blitt liberal?

At paven må vera ein mann både for dei mest grandiose av kulisser, men også for dei nære mellommenneskelege møta, er truleg sjølvsagt for verdas mest særmerkte kristen-leiar. Men korleis verkar det i praksis?
Sist sett i full skrud på ein påskedags tettpakka Petersplass framfor 45.000 tilreisande katolikkar, vert kontrasten stor til nærbiletet av den aldrande og sårbare Pave Frans som vi får i innleiinga til dokumentarfilmprosjektet The Pope: Answers, nyleg lansert på Disney+.
For her slepper vi så tett på 86-åringen, at vi nærast føler korleis det vonde kneet sviktar når han fotar seg.
Møte mellom menneske
Dette er likevel ikkje først og fremst eit portrett av paven, men heller ei håpefull framsyning av slikt som skjer i møte mellom menneske. Ikkje minst er det eit vitnesbyrd om kva eldgammal og enkel samtalekunst har å by på.
Kor ulike menneske no er; i ærlege spørsmål, i observant lytting, i nærvær og augekontakt finst noko som gjer møte mellom dei så interessante at 1 time og 20 minutt går fort.
Det er godt gjort å passa ein såpass opphøgd skikkelse som paven inn i ei kryssing mellom eit «heime-hos»-program, eit talkshow og Debatten (utan programleiar). Så uformell er nemleg rammene rundt samtalen i The Pope: Answers. Ti unge, høgst ulike personar, alle i 20-åra, er inviterte til å møta «Den heilage Far» med kritiske spørsmål og såre livshistorier.
Seansen finn stad i Roma, men på ei adresse der alle, også paven, verkar til å vera passeleg på bortebane.
Kontrastar
Vi følgjer dei unge der dei, heller oppspilte, treffest i den Italienske hovudstaden og deler tankar før møtet med den fremste representanten for ei kyrkje dei har svært ulikt forhold til. Det er ein gjeng moderne unge menneske, med ulikt engasjement. Nokre kjem med idear og sterk overtyding, medan andre har ei utfordrande livshistorie som utgangspunkt for spørsmåla dei vil stilla.
Her slepper vi så tett på 86-åringen, at vi nærast føler korleis det vonde kneet sviktar når han fotar seg.
Sofie Braut
Dynamikken og tallause openberre kontrastar gir mykje å spela på for filmskaparane. Då paven dukkar opp, sit dei unge så stilt som ein søndagsskuleklasse frå femtitalet, og paven må sjølv legga ned litt innsats for stovevarmen. «Silencio!?» utbryt han i det han entrar den overspente atmosfæren. «De er vel ikkje 50 år?». Eit par smil; og skydekket lettar.
Og han får så rett; dei er unge og sjølvmedvitne. Frå dei første famlande spørsmåla om paven har mobil og kva løn han har, finn vi fort ut at skoen trykkar. Spørsmål om overgrep og abort, om einsemd og utanforskap, om seksualitet, ikkje-binær identitet, pornografi, og om kyrkja sine utru tenarar, det er nok å ta av.
Frigjerande
Her er Maria Losantos, ho som har trua på absolutt førsteplass i livet, her er Juan Cuatrecasas, som konfronterer paven med eit brev paven sjølv har skrive; for meiner paven framleis det same når han no får konteksten direkte frå Juan? Og her er Celia Fernández, ho som ein gong ville bli nonne men som ikkje lenger trur, og som føler seg lykkelegare utan kyrkja. For å nemna nokre.
Paven, viser det seg, vert ikkje mindre paveleg om han slår seg ned i denne tette sirkelen og bryner seg på engasjerte spørsmål. Midt blant ungdommelege utringingar, tatoveringar, piercing og caps, er det mest av alt frigjerande med ein åndeleg leiar som ikkje prøver så frykteleg hardt.
Han har det greitt med ikkje å ha deira referansar, og i den grad han er i sosiale media, har han folk til slikt. Ryktet om at han er rund i kantane teologisk, blir litt stadfesta i filmen; nokre av svara hans verkar i overkant tåkete og orakelaktige; men denne tendensen verka det som om han hadde med seg inn.
Rettleiing
Det er i det heile svært interessant å observera korleis paven grip an dei mange svært nærgåande og kritiske spørsmåla. Han er lyttande, men ikkje slik at han set dialogen over det substansielle. Etter å ha lytta empatisk og bekrefta personen, er pavens neste trekk typisk: «Men jeg vil gi deg et råd…».
Det er frimodig å vera faderleg i møte med menneske som ber autoritetsskepsis i ryggmergen og som tydeleg har heilt andre idear. Det krev relasjonelt mot å gi eit råd i ei tid som ser ut til å ha botnlaus tru på at alle sjølv skal finna svara. Men god rettleiing går aldri av moten.
I spørsmålet om abort skil han førebiletleg mellom kvinna i den aktuelle situasjonen, og abort som fenomen. Debatten om ufødde her heime vert altfor ofte forkludra av at vi ikkje følgjer pavens eksempel her. Hans innsteg er at abort også må handterast «vitenskapelig og med en viss kaldhet». Han følgjer opp med sjølv å stilla spørsmål: «Er det rett å eliminere et liv for å løse et problem?» før han dreg ein parallell mellom ein lege og ein leigemordar som merkeleg nok ikkje sjokkerer så djupt som ein kanskje kunne ha forventa.

Profetisk klang
Filmatisk er dette ein gjennomført og svært bevisst produksjon; regissørane lukkast med å ta oss tett på pave Frans, og dei får god hjelp av at gjeldande pave har eit andlet med eit uvanleg rikhaldig uttrykksregister. Vi kjem også tett på opponentane hans. Kameraføringa er framifrå, med fine synsvinklar og god variasjon. I tillegg sørger effektive intermesso for at vi gjennom korte bakgrunnsriss vert litt kjende med desse ti tilreisande. Sjølv om samtalepartnaren deira er ein av verdas mest kjende personar, lukkast filmen i å gje hovudrollene til spørsmåla og samtalen. Det er noko håpefullt nettopp ved det.
Midt blant ungdommelege utringingar, tatoveringar, piercing og caps, er det mest av alt befriande med ein åndeleg leiar som ikkje prøver så frykteleg hardt
Sofie Braut
Eg veit ikkje kor liberal pave Frans er etter å ha sett denne filmen. Men eg får fornya tru på å invitera til samtale, gjera seg tilgjengeleg, lytta til andre og ikkje minst: våga å formulera svar. Denne velprøvde metoden lindrar noko av forvirringa vår tid lid under, er ein konklusjon frå filmen The Pope: Answers.
Dessutan: Rådet han til slutt gir ho som er glad for å ha teke eit oppgjer med både Gud og kyrkja, har profetisk klang langt ute på den identitetspolitiske hengemyra som hemmar den frie meiningsdanninga: «Ikke bli fanget av en ideologi. Velg dine ideer og søk sammenheng i livet.»