Forteljinga om mine sorger

Tomas Espedals Imot naturen er skriven med lett fjørpenn og blod frå eit blødande hjarte.

Tomas Espedal har skrive ein av sine beste romanar med Imot naturen (notatbøkene), meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

For åtte sidan trekte eg fram Tomas Espedals Dagbok (epitafer) som ei av dei tre beste skjønnlitterære bøkene det året. Det verkelege gjennombrotet fekk han med Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv i 2006, då han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Det same skjedde med førre bok, Imot kunsten (2009), som også fekk Kritikarprisen. Espedal har brote igjennom, ikkje berre hjå seg sjølv og i sitt eige språk, men også i det offentlege og på det litterære parnasset.

Så kjem Imot naturen (notatbøkene), og vi forstår at det største brotet har skjedd ein heilt annan stad, nemleg på det personlege plan, i form av den store kjærleiken som no er borte. Er ikkje kjærleikssorg utgangspunktet for all relevant litteratur? Slik kjennest det for den som har vore nede i kjellardjupet. Alltid har forfattaren skrive. Men elska har han ikkje alltid. Etter eige utsegn avsluttar Espedal no det sjølvbiografiske prosjektet han har drive med i fleire år, frå lenge før kameraten Knausgård gauv laus på Min kamp.

Tradisjonsberar. Interessant nok kan både Knausgård og Espedal reknast som stilfornyarar med standfot i tradisjonen. For begge er Marcel Proust eit viktig førelegg. Og der Knausgårds skrifter stundom har fått indirekte preg av Augustins Bekjennelser (Confessiones), grip Espedal attende til Pierre Abelards Fortellingen om mine sorger (Historia Calamitatum), eit av dei første sjølvbiografiske verka i mellomalderen.

Abelards tragiske kjærleikshistorie med den unge, vakre Heloise tener som ein spegel for Espedals eiga sorg i Imot naturen. Derav også fleire passasjer med det litterære toposet «den eldre mannen og den unge jenta», som også J.M. Coetzee og Philip Roth – blant mange – har vore opptekne av.

For Espedal er tematikken høgst reell, slik forteljaren skildrar sin livs kjærleik, Janne, halvparten så gammal som han sjølv. «Med det samme han så henne, glemte han sin egen alder.» Dette er ei erfaring som neppe er unik for Espedal. Før han i neste augeblink gjev oss eit dystert frampeik i form av eit nytt spegelbilete: «døden og den unge jenten».

Jenten med «-en»: Espedal skriv eit sobert bergensbokmål. Døden: Nesten alt han skriv er eksistensielt.

Bibelens Job. Som ein Pierre Abelard sit han ved skrivebordet og fortel om sine sorger eller ulukker. Ein kunne fort assosiere til Bibelens Job. Forteljaren i Imot naturen er ein mann som har vore på toppen av si eiga lukka, ein mann som har hatt alt hjartet kunne ønskje seg. Men lukka er lunefull, kanskje skal vi seie det slik? Midt i romanen har Espedal skote inn ein tekstbolk med tittelen «En liten bok om lykke». Forteljaren kommenterer: «Boken om lykke kan uansett ikke bli noen tykk bok».

Blir Espedal for dramatisk, for opphengt i personleg kjærleikssorg? Kanskje i nokre parti, som kjennest flaue i sine patetiske omdreiingspunkt. Like fullt, slik er det med mørkerommet etter tapt kjærleik. Det patetiske kjenner ingen grenser.

Prosalyrikk. Gjennomgåande er Imot naturen fortalt med glasklar og lett prosa, ofte på grensa til prosalyrikk. Espedal er kvir seg ikkje for å ta i bruk verkemiddel vi sjeldan finn i romanar, som den gjentakande, nesten maniske tonen han brukar i eit av dei mest interessante partia i boka. Kjærleikssorga er her komen så langt at forteljaren tek til med eit personleg nattverdsritual, kor han et og drikk Jannes kjøt og blod i form av kvitt brød og raud vin:

«Hvitt brød, den hvite kroppen. / Så enkelt, så rent. / Dypper brødet i vinen; hvordan brødet trekker opp i seg blodet hennes. / Det røde, bløte brødet. Den røde, fyldige munnen hennes; jeg spiser den. / Så rødt, så rent. Så rødt, så hvitt. Så hvitt, så rent. Så hvitt. Så hvitt, så hvitt. Så rent, så rødt.»

Passasjen held fram i fleire liknande strofer, før Espedal avsluttar: «Drikker, spiser. / Alle dager er helligdager.»

Notatbokpoetikk. Ved sidan av den nesten religiøse, og iallfall svært sterke personlege historia i romanen, finst her også fleire anslag til ein poetikk (ein refleksjon over diktekunsten). Eg vil kalle det for ein notatbokpoetikk, slik Espedal hevdar at det viktigaste skrivearbeidet hans går føre seg i notatbøkene, ikkje i romanane. Dette oppfattar eg som halvvegs koketteri, for notatbøkene er openbert både førelegg for og direkte innbakte i romanane (dessutan i tittelen). Men utsegna seier likefullt litt om kor Espedal plasserer seg i det litterære terrenget: Han er ein som skriv fordi han skrive, ikkje ein som skriv romanar for å treffe ein eller annan «puls» i marknaden.

Det er elles fruktbart å lese Imot naturen opp mot Espedals tidlegare bøker, ikkje minst Imot kunsten. Refleksjonane om arbeidet/skrivearbeidet er ein ting. Men faktisk kjem den sterke relasjonen til dottera litt utydeleg fram når ein les Imot naturen som enkeltståande bok. Sorga over dottera som flyttar ut er ikkje like godt etablert i teksten som sorga over kjærasten som drog sin veg.

Dette er likevel ein bagatell i den store samanhengen. Romanen, som elles markerer seg både med interessante perspektivforskyvingar og særs nøkterne frampeik, er ein av Espedals aller beste. Imot naturen står som ei av hovudbøkene i den norske bokhausten.

Powered by Labrador CMS