Stortingspresidenten: Julebodskapen bidrar til inkludering
SKULEGUDSTENESTE: Kari Nessa Nordtun (Ap) og Masud Gharahkhani (Ap) deltok på skulegudsteneste i Grønland kirke saman med elevar frå Oslo-skular. – Bidreg til inkludering, seier stortingspresidenten.
FOR: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) i Grønland kirke på skulegudsteneste. Dei meiner begge at skulegudstenester skal vere lov.
Sindre Deschington
Grønland kyrkje er full av elevar som snart er klare for juleferie. Små hovud, nokre med nisselue på, rører seg mellom kyrkjebenkane, og fell etter kvart til ro når tonane av Glade jul og sju raude kapper inntar rommet.
På ein av kyrkjebenkane sit to kjente fjes og føl nøye med på kva som skjer oppe ved alteret.
Det er kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap), som har tatt turen for å overvære skulegudstenesta.